Den norske Forfatterforening
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den norske Forfatterforening (DnF) er ei foreining for norske skjønnlitterære forfattarar. DnF vart stifta i 1893. Foreininga har til formål å verne og fremje norsk litteratur og å take vare på dei faglege og økonomiske interessene til forfattarane. DnF driv òg internasjonalt solidaritetsarbeid for forfølgde forfattarar. I 2004 hadde foreininga 513 medlemer. Leiaren er frå mars 2012 forfattaren Sigmund Løvåsen.[1]