Den lokale gruppa er ein liten galaksehop med meir enn 54 galaksar, som Mjølkevegen høyrer til. Dei fleste av galaksane er dverggalaksar. Tyngdepunktet i hopen ligg ein stad mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Den lokale gruppa dekkjer ein diameter på 10 millionar lysår og er fordelt binært (som ein manual)[1]. Galaksane i hopen er bundne saman av gravitasjon, slik at dei i motsetning til andre, meir fjerne galaksar, ikkje er på veg vekk ifrå kvarandre. Sjølve gruppa er ein del av den større Jomfru-superhopen.[2]

Thumb
Den lokale gruppa av galaksar. Mjølkevegen og Andromeda er dei klårt mest massive galaksane. (Klikk for å forstørre)

Dei to mest massive medlemmane i gruppa er Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Desse to spiralgalaksane har kvar sine system av satellittgalaksar. Triangelgalaksen, er den tredje største og einaste ustripete spiralgalaksen i den lokale gruppa. Det er usikkert om denne følgjer Andromedagalaksen eller ikkje. Dei magellanske skyene ligg òg i gruppa.

Kart

ThumbM110
Den lokale gruppa (klikkbart kart)

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.