Den campanianske vulkanbogen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den campanianske vulkanbogen er ein vulkanboge med fleire aktive, sovande og utdøydde vulkanar i Campania i Italia. Den campanianske vulkanbogen dannar ein sirkel rundt Napolibukta:
- Vesuv: ein aktiv vulkan som sist hadde utbrot i 1944.
- Campi Flegrei: Ein stor, gamal kaldera som dekkjer dei vestlege delane av Napoli. Området er ei samling av fleire utdøydde krater frå tidlegare utbrot. I området ligg òg Solfatara, eit grunt vulkankrater som framleis spyr ut svovelgassar og er derfor framleis aktiv.
- Epomeo: 20 kilometer vest for Napoli på øya Ischia. Siste utbrot var i 1302.
- Palinuro, Vavilev, Marsili og Magnaghi: Undersjøiske vulkanar som anten er sovande eller utdøydde sør for Vesuv. Dei siste tre vart oppdaga i 1950-åra og er kalla opp etter geologane som oppdaga dei. Nyleg har ein vorte noko uroa over kor «sovande» Marsili verkeleg er. Marsili er eit 3 000 meter høgt undersjøisk fjell med ein topp 500 meter under havoverflata. Nyleg har ein oppdaga forholdsvis nye sekundære kjegler på Marsili.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b4/Vesuvius_crater_wall.jpg/320px-Vesuvius_crater_wall.jpg)
Vulkanbogen som den campanianske vulkanbogen er ein del av strekkjer seg sørover til til dei aktive vulkanøyane Ustica, Stromboli og Vulcano utanfor nordkysten av Sicilia og den største aktive vulkanen i Europa, Etna, på sjølve Sicilia.