![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Dellen.png/640px-Dellen.png&w=640&q=50)
Dellen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dellen er to innsjøar i Hälsingland i Sverige, Nord-Dellen og Sør-Dellen. Dei er populære blant flogefiskarar som bekkeauren som finst her.
Dellen | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Landskap | Hälsingland | ||
Høgd over havet | 42 moh. | ||
Areal | Sør-Dellen: 52 km² Nord-Dellen: 82 km² | ||
Volum | Sør: 1 226 millionar m³ Nord: 1 489 millionar m³ | ||
Koordinatar | 61°51′N 16°42′E | ||
![]() Dellen 61.862°N 16.707°E / 61.862; 16.707 | |||
Wikimedia Commons: Dellensjöarna | |||
Sør-Dellen har eit areal på 52 km² og inneheld 1 226 millionar m³ vatn, medan Nord-Dellen har eit areal på 82 km² og eit vassvolum på 1 489 millionar m³.
Ein kort kanal går mellom dei to innsjøane, så det er derfor omdiskutert om dei skal reknast som ein eller to innsjøar. Om dei vert rekna i lag har dei eit samla areal på 130 km², noko som gjer han til den 18. største innsjøen i Sverige.
Innsjøane vart danna av eit nedslagskrater for om lag 89,0 ± 2.7 millionar år sidan, i øvre krittida. Nedslagskrateret måler kring 19 km i diameter. Dette medførte at bergarten dellenitt vart danna i området.[1].
Asteroiden 7704 Dellen er kalla opp etter innsjøane.