From Wikipedia, the free encyclopedia
Delaware-elva er ei stor elv ved atlanterhavskysten av USA. Ho er den lengste frittflytande (uoppdemde) elva i austlege USA. Frå elva oppstår i Hancock i New York renn elva 454 km[1] langs grensene til New York, Pennsylvania, New Jersey og Delaware, før ho munnar ut i Delawarebukta.
Delawareelva | |||
elv | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Munning | Delawarebukta | ||
Delawareelva 41.939°N 75.2791°W | |||
Nedbørsfeltet for Delaware River på nordøstkysten av USA
| |||
Wikimedia Commons: Delaware River | |||
Delawareelva har kjelde i Catskillfjella i New York, der dei to bielvane hennar West Branch ved Mount Jefferson og East Branch ved Grand Gorge har utspring. Desse elvene renn saman til Delawareelva ved Hancock i New York. Elva møter tidvatnet ved Trenton i New Jersey. Den totale lengda hennar frå utspringet til den lengste greina av utløpet er på 660 km, medan sjølve elva ovanfor Delawarebukta berre er 579 km lang. Den gjennomsnittlege vassføringa er 330 m³ per sekund. Nedbørsfeltet har eit areal på 14 119 km² i fem amerikanske delstatar: New York, New Jersey, Pennsylvania, Maryland og Delaware. Elva flyt 674 km inn i Delawarebukta, der vatnet går ut i Atlanterhavet i nærleiken av Cape May i New Jersey og Cape Henlopen i Delaware. Om ein ser bort frå Delawarebukta utgjer lengda på elva, inkludert dei to sideelvane hennar, 624 km.[lower-alpha 1][2] Delaware-elva er eit av nitten «store vatn» som er anerkjende av Great Waters Coalition.[3]
Elva blei utforska av nederlandske Adriaen Block som del av kolonien Ny-Nederland og fekk namnet Sørelva for å markera den sørlegaste grensa til kolonien.
Delaware utgjer no delar av grensa mellom Pennsylvania og New York, heile grensa mellom New Jersey og Pennsylvania og heile grensa mellom Delaware og New Jersey.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.