Dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja er tolv viktige høgtider i løpet av kyrkjeåret. Den aller største høgtida er påske (pascha), og dei tolv store høgtidene følgjer etter denne i tyding. Åtte av høgtidene er til ære for Jesus Kristus, medan fire av dei er vigde jomfru Maria som er Theotokos, eller 'Guds mor'.[1]
Kyrkjeåret byrjar i september. Dei tolv høgtidene er:
- Fødselen til Theotokos, 8. september
- Opphøginga av krossen, 14. september
- Maria sin tempelgang (framstillinga av Theotokos i tempelet), 21. november
- Fødselen til Kristus (juledag), 25. desember
- Namngjevinga av Kristus (teofani, også kalla epifani, 6. januar
- Framberinga av Jesus i Tempelet, 2. februar
- Maria bodskapsdag, 25. mars
- Inngangen til Jerusalem ein sundag før påske
- Kristi himmelferdsdag, førti dagar etter påske
- Pinse, femti dagar etter påske
- Kristi forklaringsdag eller transfigurasjonen, 6. august
- Dormition (innsovinga) til Theotokos, 15. august
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.