From Wikipedia, the free encyclopedia
Debbie Ferguson-McKenzie (fødd 16. januar 1976) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nassau i Bahamas som fekk gullmedaljen på 200 meter etter VM 2001 og som i 1999 vart verdsmeister og i 2000 olympisk meister i 4 x 100 meter stafett med Bahamas. Ho deltok på internasjonalt toppnivå i tida 1995-2013 og sanka i alt sju medaljar i ulike olympiske leikar og verdsmeisterskap.
Debbie Ferguson-McKenzie | |
Statsborgarskap | Bahamas |
Fødd | 16. januar 1976 (48 år) Nassau på Bahamas |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994 |
Ferguson vann si fyrste OL-medalje då Bahamas tok sølv i 4 x 100 meter stafett under sommarleikane 1996 i Atlanta, tidlegare i leikane nådde ho semifinalen på 100 meter. I juli 1999 gjorde ho unna sitt livs raskaste 200-meter då ho vart klokka inn på 22,19 sekundar ved eit stemne i St. Denis. Trass i sterke 22,28 måtte ho nøye seg med ein femteplass på distansen under VM 1999, derimot vann ho gull saman med Savatheda Fynes, Chandra Sturrup og Pauline Davis-Thompson på 4 x 100 meter stafett. Året etter sigra dei same fire kvinnene den korte stafetten også under Sommar-OL 2000 i Sydney. Individuelt i Sydney vart Ferguson nummer fem på 200 m, medan ho enda på sisteplass i 100-meter-finalen.
Under verdsmeisterskapen 2001 sprang Ferguson inn til andreplass på 200 meter på tida 22,52, Marion Jones frå USA vann løpet. I 2003 kom for ein dag at Jones då hadde vore dopa og prestasjonen hennar annullert. Ferguson fekk tildelt VM-gullet i 2004. Før den tid, under samveldeleikane 2002 i Manchester gjorde ho storeslem ved å vinne både 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett. På 100-meteren sette ho personleg rekord med 10,91 sekundar.
Etter eit svakt friidretts-VM i 2003, viste Ferguson styrke ved å vinne bronsen på 200 meter og verte nummer sju på 100 meter under dei olympiske leikane i Aten i 2004. I VM 2007 vart ho slått ut i semifinalane både på 100 og 200 meter. Eitt år etter kvalifiserte ho seg OL-finale på dei same to individuelle sprintdistansane, og vart nummer sju i begge. Ferguson-McKenzie vann sine siste VM-medaljar då ho i Berlin i 2009 vann bronsen på 200 meter og fekk sølv med Jamaica i 4 x 100 m stafett.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.