Death Note
From Wikipedia, the free encyclopedia
Death Note (デスノート, Desu Nōto) er ein japansk manga som er skriven av Tsugumi Ohba og teikna av Takeshi Obata. Serien handlar om ein 17 år gamal student i Tokyo som heiter Light Yagami, som finn ei mystisk notisbok som drep kvar ein som får namnet sitt skrive inn i boka. Light bestemmer seg for reinska vekk all vondskap i verda ved hjelp av denne overnaturlege notisboka under identiteten til ein anonym globalt seriemordar kjend som «Kira» (japansk uttale av det engelske ordet killer, som betyr «mordar»), men det tek ikkje lang tid før politiet fattar interesse for dei mystiske dødsfalla som finn stad. Ein annan som kjem på banen er den unge og mystiske detektiven «L», som bestemmer seg for å ta opp jakta på Light.
| |||
Type | mangaserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | mysterieforteljing, overnaturleg fiksjon, thriller anime and manga | ||
Opphavsland | Japan |
Mangaen starta kapittelvis i det japanske teikneseriemagasinet Weekly Shonen Jump i 2003. Ein animeserie på 37 episodar som vart produsert av studioet Madhouse, hadde premiere i oktober 2006 i Japan på TV-kanalen Nippon Television. Den siste episoden av serien vart send for fyrste gong i juni, 2007. To filmar baserte på mangaen hadde premiere i høvesvis juni og november same år.