Darmstadt
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Darmstadt er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 140 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Frankfurt-Rhin-Main-området. Han er òg ein av få tyske storbyar som ikkje ligg ved ei elv eller ved kysten.
Darmstadt | |
---|---|
Markedsplassen i Darmstad rundt år 1900 | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Grunnlagd | 1000-talet |
Geografi | |
Flatevidd - By |
122,23 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
140 021 1 145/km² |
Koordinatar | 49°52′0″N 8°39′0″E |
Høgd over havet | 144 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 64283–64297 |
Telefon-retningsnummer | 06151, 06150 |
Bilnummer | DA |
Heimeside: www.darmstadt.de |
Byen var tidlegare sete for landgrevskapet Hessen-Darmstadt og har vore ein industriby, særleg innan kjemikaliar, i tillegg til eit stort utdanningssenter frå tidleg på 1900-talet.
Darmstadt dukkar først opp på slutten av 1000-talet som Darmundestat, som bokstavleg talt tyder «Tarmbyen», sjølv om dette sannsynlegvis er tilfeldig sidan namnet kjem frå ei lita elv kalla Darm(bach), som tidlegare rann gjennom byen. Det meste av elva er vorte bygd over, men i det siste er delar av ho ført tilbake til sin naturlege tilstand.
Darmstadt fekk byrettar av Ludivg IV av Det tysk-romerske riket i 1330 og gjeve til grevane av Katzenelnbogen. Då Huset Katzenelnbogen forsvann i 1479 og byen gjekk vidare til Hessen, og vart sete for landgrevane her (1567-1806) og seinare til storhertugen av Hessen (til 1918).
Byen voks på 1800-talet frå litt over 10 000 til 72 000 innbyggjarar. Ein polyteknisk skule, som i dag er kjend som Technische Universität Darmstadt, vart oppretta i 1877.
På byrjinga av 1900-talet var Darmstad eit viktig senter for kunstrørsla kalla Jugendstil, den tyske varianten av Art Nouveau. Det vart halde ein årlege arkitekturkonkurranse som førte til mange flotte bygg frå denne perioden. Darmstadt vart utvida i 1937 med Arheilgen og Eberstadt, og i 1938 vart byen ein kreisfri by.
Darmstadt var den første byen i Tyskland som tvinga jødane til å stenge butikkane sine tidleg i 1933, kort tid etter nazistane overtok makta i Tyskland. Butikkane vart derimot berre stengd for ein dag for å «true fred og ro i byen».[1] I 1942 vart over 3 000 jødar frå Darmstad samla i ein leir i Liebigschule og deportert til konsentrasjonsleirar.[2] der dei fleste vart drepne.
Gamlebyen i Darmstadt vart stort lagd i grus under bombinga av Darmstadt i den andre verdskrigen 11. september 1944. I dei verste åtaka reknar ein med at 11 000-12 500 innbyggjarar døydde, medan opp mot 70 000 vart heimlause.[2] Over tre fjerdedelar av dei indre områda av Darmstadt vart øydelagde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.