Flekkpetrell (Daption capense) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som er svært vanleg og utbreidd i Sørishavet. Populasjonen er rekna til ca. to millionar fuglar.

Kjappe fakta
Flekkpetrell
Thumb
Flekkpetrell
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigThumb
Utbreiinga av Flekkpetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Daption
Art: Flekkpetrell D. capense
Vitskapleg namn
Daption capense
Lukk
Thumb
Daption capense

Skildring

Flekkpetrellen er ein mellomstor petrell med ein karakteristisk utsjånad; heilsvart hovud og nakke, kvit bringe og buk, kvite undersider av vengene med svart innramming. Oversida av venger, bakkropp og stjert er svart-kvitt spraglete med eit svart band lengst bak på stjerten. Denne fjørdrakta er unik blant stormfuglane. Når han er fullvaksen, er vengespennet 86 cm, og kroppslengda er ca. 39 cm.[1] Når dei flyg, vekslar dei mellom raske vengeslag etterfølgt av ei glideflukt på stive venger.[1]

Dietten inneheld hovudsakleg kril, pelagiske tanglopper, og dessutan fisk og blekksprut. Dei kan plukke maten frå vassoverflata, òg i flukt, eller dukke under vatn og filtrere ut maten.[1] Dei er òg kjente for å følgje skip og for å ta avfall som blir kasta overbord. Dei er aggressive og støyande i fôringsflokkar.

I hekkesesongen frå november til april beitar flekkpetrellane ved iskanten rundt Antarktis og om vinteren vidare nordover, opp til kysten av Angola og Galapagosøyene. Dei hekkar på Den antarktiske halvøya, mange øyar i Antarktis og på subantarktiske øyar, nokre går så langt nord som til Aucklandøyane og Kerguelen. Flekkpetrellar dannar mindre og lausare hekkekoloniar enn andre petrellar.[1] Som dei fleste andre havhestar, vil dei forsvare reiret sitt ved å spytte mageolje på inntrengjarar. Spesielt vil joar åtake egg og ungar av flekkpetrellar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.