From Wikipedia, the free encyclopedia
Den Polytekniske Læreanstalt, Danmarks Tekniske Universitet (i dagleg tale Danmarks Tekniske Universitet eller berre DTU, eng.: Technical University of Denmark) er ein sjølveigd utdannings- forskingsinstitusjon som utdannar sivilingeniørar og diplomingeniørar, samt utfører forsking innan ingeniørvitskap.
Danmarks Tekniske Universitet | |||
| |||
| |||
Motto | Det bli'r til noget | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 27. januar 1829 | ||
Type | Tekniske universitet | ||
Rektor | Anders Overgaard Bjarklev | ||
Tilsette | 5 800 | ||
Medlemskap | ORCID | ||
Nettstad | https://www.dtu.dk/ (dansk), https://www.dtu.dk/english/ (engelsk) |
DTU vart oppretta 27. januar 1829 av fysikaren H.C. Ørsted under namnet Den Polytekniske Læreanstalt, som i starten hørte til Københavns Universitet. Tilbodet var berre to utdanningar som ingeniør i starten, nemleg anvendt naturvidenskab (i dag kjemiretninga) og mekanik (i dag produksjon og konstruksjon/maskin).
Inntil 1889 hadde læreanstalten lokalar i Studiestræde, deretter i J.D. Herholdt sitt kompleks i Sølvgade ved Botanisk Have som i 1930 vart utvida med eit anlegg i Øster Voldgade ved arkitekt C.O. Gjerløv-Knudsen. Plassen vart for trong, så i perioden 1962–1974 flytta ein til Lundtoftesletten ved Lyngby.
Namnet Danmarks Tekniske Højskole (DTH) vart første gong offisielt nytta i 1933 og skifta i 1994 til Den Polytekniske Læreanstalt Danmarks Tekniske Universitet som i dagleg tale vert forkorta til Danmarks Tekniske Universitet eller berre initialane DTU.
I 1957 starta ein Danmarks Ingeniørakademi (DIA), då utdanningskapasiteten til sivilingeniør var for låg og introduserte dermed akademiingeniørutdannelsen, utdanning, som seinare er vorte til diplomingeniørutdanning.
I 1995 vart DTH/DTU slått saman med Danmarks Ingeniørakademi og Helsingør Teknikum og seinare vart DTU i 1997 utvida med Ingeniørhøjskolen Sydsjælland.
Den 1. januar 2007 vart DTU fusjonert med dei fem sektorforskingsinstusjonane:[1]
På Times Higher Education Supplement (THES) si rangeringsliste i 2007 over universiteta i verda kom DTU inn som nummer 130 etter Århus Universitet (nr. 114) og Københavns Universitet (nr. 93).[2] I 2008 sette Times Higher Education DTU på 20. plassen over dei førande ingeniørvitskaplege institusjonar basert på siteringsfrekvens, svarande til ein tredjeplass i Europa etter Max Planck-selskapet og ETH Zürich.[3]
DTU har kring 7 000 studentar, omtrent 700 ph.d.-studentar og tar opp omkring 700 utanlandske studentar per år på engelskspråklege utdanningar. Talet på tilsette ligg rundt 4 200.
I 2008/9 var opptaket på 1 144 nye studentar.[4]
DTU sin campus er oppdelt i fire kvadrantar, som i eit koordinatsystem. Dei fire kvadranter er tildelt ein av dei fire hovudretningane innan ingeniørkunsten; bygg, kjemi, elektronikk og maskin.
Universitetet sine kjerneområde, det vil sei utdanning, forsking, innovasjon og myndighetsbetjening, vert ivaretatt av institutta innanfor kvart av deira faglege felt. DTU har (januar 2008) 22 institutt. Den 1. januar 2008 gjennomførte DTU ei omdøyping av alle institutt for å framstå som eit samla universitet etter samanslåinga i 2007.
Blant æresdoktorane er:
Æresdoktorgraden er tildelt kring 200 personar gjennom historia til universitetet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.