Daley Thompson
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Francis Morgan Thompson, kjend som Daley Thompson, (fødd 30. juli 1958) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå London som tevla i mangekamp og i sprintøvingar. Han vann to OL-gull, eitt VM-gull, to EM-gull og sette fire verdsrekordar i tikamp i tida 1980 og 1984. Thompson sin personlege rekord på 8 893 poeng stod som verdsrekord i ni år.
Daley Thompson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 30. juli 1958 (66 år) London |
Idrett | friidrett, fotball |
Tok del i | athletics at the 1988 Summer Olympics – men's decathlon, Friidrett under Sommar-OL 1984, Friidrett under Sommar-OL 1980, Friidrett under Sommar-OL 1976 |
Utmerkingar | kommandør i den britiske imperieorden, BBC Sports Personality of the Year Award |
Thompson slo seg inn i verdseliten 20 år gammal, då han i 1978-sesongen vann tikampen under samveldeleikane og vart nummer to i europameisterskapen. Best var han i samveldeleikane i Edmonton, der han oppnådde 8 467 poeng. Andreplassen i EM var siste gongen på ni år at han ikkje vann dei tikamptevlingane han stilte opp i.
I mai 1980 forbetra Thompson verdsrekorden til 8 622 poeng i Götzis, vesttyskarane Guido Kratschmer og Jürgen Hingsen kom dei på to neste plassane. Sidan Vest-Tyskland boikotta Moskva-OL sommaren 1980 slapp Thompson å møte dei to vesttyske tikjemparane og han vann ein klar OL-siger framfor to utøvarar frå arrangørlandet.
Thompson pynta sin eigen verdsrekord til 8 704 poeng under meistermøtet i Götzis i mai 1982. Hingsen, som vart nummer to i Götzis, forbetra så verdsrekorden til 8 723 poeng eit par manåder seinare. Dei to møttest til dyst under EM i friidrett 1982 i Aten, der Thompson viste seg som den klart beste og tok tilbake verdsrekorden med sine 8 743 poeng. På tampen av 1982 vann han tikamp under samveldeleikane i Brisbane.
Etter at Hingsen i juni 1983 hadde oppnådd 8 779 poeng og sett ny verdsrekord, var det mange som rekna med ei tett tevling mellom Thomspon og Hingsen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett. Men atter viste Thompson seg som den sterkaste utøvaren og sikra gullmedaljen med 105 poeng til gode på vesttyskaren. Nøyaktig den same differansen var det mellom dei to då OL-tikampen vart avvikla i Los Angeles i 1984. På ny vann Thompson gullet, men no med verdsrekordsummen 8 798 poeng (omgjort til 8 847 poeng då 1985-tabellen kom).
I 1986 vann Thompson tikampen i samveldeleikane for tredje gong på rad, leikane fann stad i Edinburgh. Under europameisterskapen same året vann han enno ein gong framfor Jürgen Hingsen. Skadar sette Thompson tilbake, og han nådde sidan ikkje opp til nivået i 1980-86-perioden. Han la opp i 1992.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.