Dale-Eikenes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dale-Eikenes var eit ferjesamband mellom Dale ferjekai i Fjaler kommune og Eikenes i Askvoll kommune og tok til i 1937. Strekninga inngjekk i fylkesveg 609 med om lag ni turar per dag. Overfarten tok 25 minutt og gjekk over Dalsfjorden.
Ferjesambandet vart avløyst av Dalsfjordbrua då ho opna 14. desember 2013.