![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Antarctic_1.png/640px-Antarctic_1.png&w=640&q=50)
DS «Antarctic» (1871)
From Wikipedia, the free encyclopedia
DS «Antarctic» var ei dampdriven polarskute som deltok på to ekspedisjonar til Antarktis. Ho vart bygd på Holmen i Drammen i 1871 som skruefregattskib og målte 226 BRT. Under namnet «Cap Nor» gjekk ho i selfangst i Arktis frå 1872, dei elleve første sesongane med Gullik Jensen frå Nøtterøy som skipper.[1]
![]() «Antarctic» i hamna i Göteborg i 1901 | |
Karriere | |
---|---|
Namn: | «Antarctic» |
Registreringshamn: |
![]() |
Sjøsett: | 1871 i Drammen |
Lagnad: | sokk 12. februar 1903 |
Generelle mål | |
Klasse og type: | Dampskip |
Tonnasje: | 226 netto |
Lengd: | 41,5 meter |
Høgd: | 33,5 meter |
Framdrift: | Segl, 45 hk dampmotor |
Seglplan: | barkrigga |
Fart: | 6 knop |
Kapasitet: | 346 brutto |
I 1893 vart ho selt til Svend Foyn og bygt om for å delta i ein kvalfangstekspedisjon til Antarktis under det passande namnet «Antarctic». Ekspedisjonen er blitt historisk fordi ei gruppe på åtte mann greidde å kome seg i land på Kapp Adare, den første dokumenterte ilandstiging på det antarktiske kontinentet. I løpet av ekspedisjonen døydde Svend Foyn, og etter heimkomsten skifta fartøyet eigar fleire gonger. «Antarctic» vart nytta på fleire forskingsekspedisjonar til Spitsbergen og Grønland. I 1901 kjøpte den svenske geologen Otto Nordenskjöld fartøyet for å nytte henne som ekspedisjonsskip på nok ein antarktisekspedisjon. Etter å ha ført den svenske antarktisekspedisjonen til Antarktishalvøya, overvintra «Antarctic» på Falklandsøyane. Då ekspedisjonen skulle hentast ut etter vinteren, sprang skuta lekk og forliste 12. februar 1903. Først i november same år, etter ei strabasiøs overvintring, vart ekspedisjonsmedlemmane redda av eit fartøy frå den argentinske marinen som hadde kome for å leite etter den sakna ekspedisjonen.