County Galway (irsk Cúige Chonnachtae) er ein av dei fire provinsaneIrland. Han ligg vest på øya og i Republikken Irland og består av grevskapa Galway, Leitrim, Mayo, Roscommon og Sligo.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Connacht
Cúige Chonnachta
Thumb
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Areal 17 713 km²
Folketal 503 083  (2006)
Folketettleik 28 / km²
Thumb
Connacht
53.78°N 9.05°W / 53.78; -9.05
Thumb
Kart som viser Connacht.
Kart som viser Connacht.
Wikimedia Commons: Connacht
Lukk

Dei største byane er Galway i sør og Sligo i nord. Han har like over 500 000 innbyggjarar og er det minste av dei fire provinsane.

Provinsen har fleire Gaeltacht-området, der irsk språk er utbreidd, vest i Mayo og Galway.

Det høgaste punktet i Connacht er Mweelrea på 814 meter over havet i Mayo. Den største øya er Achill, som òg er den største av alle øyane utanfor Irland. Den største innsjøen er Lough Corrib.

Fram til tidleg historisk tid vart området kalla Cóiced Ol nEchmacht. Connacht var eit kongedøme i mellomalderen og kongar vart offisielt innsett fram til seint på 1600-talet. Den herskande O'Conor Don-familien har overlevd fram til i dag.

«Republikken Connaught» eksisterte ei kort stund i 1798 med fransk militærstøtte.

Den einaste større byen i Connacht er Galway med 71 983 innbyggjarar (2006). Den nest største byen er Sligo (17 892 innb.).

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.