C-4, eller Composition C-4, er eit plastisk sprengstoff med stor detonasjonsfart og sprengkraft, noko som gjer det eigna til militær nytte. C-4 er vanlegvis pakka i firkanta einingar. Hovudingrediensen (91% av vekta) er heksogen. Stoffa som er tilsett for å gjera hexogenen plastisk er polyisobutylen og dietylhexyl. I den sivile varianten er det tilsett 1,6% SAE-10 motorolje, medan den militære inneheld ein annan oljetype. C-4 er 1,34 gonger så eksplosivt som trinitrotoluen (TNT). Det kan detonerast med ein vanleg fenghette.

Thumb
Klargjering av C-4
Thumb
Molekylær oppbygging av RDX

C-4 er eit relativt sikkert sprengstoff, men er meir kjenslevart enn TNT. Det kan ikkje detonerast ved hjelp av vanleg eld, skot eller støyt.

Det har ein detonasjonsfart på ca. 8 100 meter/ sek.[1]

Bruksområde

Thumb
USAs forsvar brukar den militære utgåva av C-4 i M112-sprengladningar. 16 pakkar M112 utgjer ein M183-sprengladning.

C-4 består tildels av ein plastisk ingrediens, slik at det kan verta omtrent forma som leire og til dømes pressast inn i sprekkar i bygningar, bruer, utstyr eller maskineri. Det kan òg formast rundt eit objekt om ønskeleg. C-4 kan brukast til å laga panserbrytende hulladninger eller kutte-ladningar på grunn av sin høge detonasjonsfart.

Kjelder

Referansar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.