From Wikipedia, the free encyclopedia
Coda er det niande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut i 1982. Denne samlinga av unytta studioopptak frå forskjellige innspelingar gjennom den 12 år lange karrieren til Led Zeppelin vart gjeven ut to år etter gruppa offisielt hadde gitt seg etter at trommeslagar John Bonham døydde. Ordet coda tyder avslutninga av eit musikkstykke og vart derfor vald som tittel.
Coda Studioalbum av Led Zeppelin | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. november 1982 | |
Innspelt | 9. januar 1970–21. november 1978, overdubbing i 1982 | |
Studio | Sol Studios, Cookham i Berkshire i England | |
Sjanger | ||
Lengd | 33:04 | |
Selskap | Swan Song | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
---|---|---|
In Through the Out Door (1979) |
Coda | Led Zeppelin Boxed Set (1990)
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 78/100[1] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Robert Christgau | B+[3] |
Classic Rock | 7/10[4] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 8/10[5] |
The Daily Telegraph | [6] |
MusicHound | 3/5[7] |
Pitchfork | 7.3/10[8] |
Q | [9] |
Rolling Stone | [10] |
The Rolling Stone Album Guide | [11] |
Led Zeppelin-gitarist og produsent Jimmy Page forklarte at årsaka til at albumet vart gjeve ut delvis var alle piratkopialbuma som var populære hos tilhengjarane:
« | Coda vart hovudsakleg gjeven ut fordi det var så mange piratkopialbum tilgjengeleg. Me tenkte, vel, om det er så stor interesse, kan me like godt gje ut resten av studiomaterialet vårt sjølv. | » |
Led Zeppelin-bassist John Paul Jones minnest:
« | Dei var gode songar. Mykje av det vart spelt inn då punk verkeleg slo an... stort sett var det ikkje mange Led Zeppelin-songar som ikkje vart gjeven ut. Me nytta alt.[12] | » |
I følgje Led Zeppelin-biografien Hammer of the Gods, skulda òg bandet Atlantic Records eit album til med avtalen på fem album som skapte Swan Song Records i 1974. Slik sett kunne dei oppfylle kontrakten med Coda.
«We're Gonna Groove» opnar albumet, og i følgje plateomslaget vart han spelt inn i Morgan Studios i juni 1969. Det vart seinare kjend at han kom frå eit konsertopptak frå januar 1970 i Royal Albert Hall, med nytt gitarspor og den originale gitaren fjerna.
«Poor Tom» er frå innspelinga av Led Zeppelin III og vart innspelt i Olympic Studios i juni 1970.
«I Can't Quit You Baby» er henta frå same konsert som «We're Gonna Groove», men vart oppført som ei øving i det originale plateomslaget. Innspelinga vart redigert ned for å fjerne «konsert-kjensla».
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «We're Gonna Groove» (live) | Ben E. King, James A. Bethea | 2:42 |
2. | «Poor Tom» | Page, Plant | 3:03 |
3. | «I Can't Quit You Baby» (Live) (Edit) | Willie Dixon | 4:18 |
4. | «Walter's Walk» | Page, Plant | 4:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Baby Come On Home» (innspelt 1968, finst på Boxed Set 2, 1993) | Bert Berns, Page, Plant | 4:30 |
10. | «Travelling Riverside Blues» (innspelt 1969, finst på Boxed Set, 1990) | Johnson, Page, Plant | 5:11 |
11. | «White Summer/Black Mountain Side» (konsertopptak juni 1969, finst på Boxed Set, 1990) | Page | 8:01 |
12. | «Hey Hey What Can I Do» (innspelt 1970, b-side til «Immigrant Song», 1970) | Bonham, Jones, Page, Plant | 3:55 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.