Claus von Stauffenberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Claus Philip Maria Schenk Graf von Stauffenberg (15. november 1907–21. juli 1944) var ein tysk offiser (sist oberst i generalstaben) og sentral i motstandsarbeidet blant offiserane i Wehrmacht mot det nasjonalsosialistiske regimet. Han leia det Wehrmacht-baserte attentatet og statskuppforsøket mot Adolf Hitler i 1944, kjent som 20. juli-attentatet. Stauffenberg plasserte sjølv bomba i møterommet til Hitler i hovudkvarteret Wolfsschanze ved Rastenburg i Aust-Preussen, men blei arrestert då han kom tilbake til Berlin med fly same kveld og avretta ved skyting. Stauffenbergs nærmaste familie blei sett i konsentrasjonsleir resten av krigen og dei minste borna skulle adopterast vekk. Attentatet medvirka til ei alvorleg svekking av den fysiske og mentale tilstanden til Hitler[1] og til at Hitler i aukande grad mistrudde Wehrmacht.[2] I tillegg blei ei rekkje Wehrmacht-offiserer avretta etter summariske rettssaker i Volksgerichtshof under leiing av den berykta Roland Freisler.
Claus von Stauffenberg | |
Statsborgarskap | Det tyske riket |
Fødd | 15. november 1907 Jettingen-Scheppach |
Død |
21. juli 1944 (36 år) |
Yrke | offiser, motstandskjempar |
Språk | tysk |
Medlem av | George-kretsen, 17. (Bayerisches) Reiter-Regiment |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Alfred Schenk av Stauffenberg |
Mor | Caroline Gräfin Schenk von Stauffenberg |
Ektefelle | Nina Schenk Gräfin von Stauffenberg |
Claus von Stauffenberg på Commons |