Clark Gable
From Wikipedia, the free encyclopedia
Clark Gable (1. februar 1901–16. november 1960) var ein amerikansk skodespelar.
Clark Gable | |||
| |||
Fødd | 1. februar 1901 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cadiz | ||
Død | 16. november 1960 (59 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Fødenamn | William Clark Gable | ||
Aktive år | 1923–1960 | ||
Verka som | filmskodespelar, skodespelar | ||
Mor | Adeline Herschelman | ||
Far | William H. Gable | ||
Ektefelle | Josephine Dillon, Maria Franklin, Carole Lombard, Sylvia Ashley, Kay Williams | ||
Born | Bunker Spreckels, Judy Lewis, John Clark Gable | ||
Prisar | Oscar for beste mannlige hovedrolle, Distinguished Flying Cross, Air Medal, American Campaign Medal, European-African-Middle Eastern Campaign Medal, World War II Victory Medal, Golden Boot Awards, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Gable er mest kjend for rolla som Rhett Butler i filmen Tatt av vinden frå 1939, ei rolle som vart nominert til Oscar for beste mannlege hovudrolle. Han vann prisen i 1934 for filmen Det hendte en natt, og vart òg nominert for si rolle i Mytteriet på Bounty i 1935. Andre kjende filmar var Fristelser (1932), Hustru kontra sekretær (1936), Saratoga (1937), Mogambo (1953) og Uten feste (1961), som vart den siste filmen hans. Gable døydde 59 år gammal av eit hjarteinfarkt berre nokre få dagar etter at innspelinga av Uten feste vart ferdig.
Gable spelte mot nokre av dei best kjende kvinnelege skodespelarane i Hollywood. Han og Joan Crawford spelte i åtte filmar saman, Myrna Loy spelte saman med han sju gonger og Jean Harlow seks gonger. Han spelte òg i fire filmar saman med Lana Turner og i tre filmar med både Norma Shearer og Ava Gardner. I 1999 vart Gable kåra til tidenes sjuande største mannlege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[1]