![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/Chr%25C3%25A9tien_de_Troyes.jpg/640px-Chr%25C3%25A9tien_de_Troyes.jpg&w=640&q=50)
Chrétien de Troyes
fransk poet og skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Chrétien de Troyes, gammalfransk Crestien de Troies, var ein fransk diktar og trouveur, rekna som ein av dei største diktarane på 1100-talet. Stordomstida hans blir knytt til hoffet rundt Marie de Champagne. Hoffet og personane ved hoffet blir fleire gonger knytte til soga om den heilage gralen.
Chrétien de Troyes | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1130-åra Troyes |
Død |
1180-åra |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar |
Chrétien de Troyes på Commons |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/Chr%C3%A9tien_de_Troyes.jpg/320px-Chr%C3%A9tien_de_Troyes.jpg)
Ein kjenner til svært lite om livet hans, men han verker å ha vore frå Troyes, eller i det minste knytt til staden, og mellom 1160 og 1172 tente han ved hoffet til grevinne Marie Capet, grevinne av Champagne, som var dotter av Eleanora av Aquitaine. Verka hans med emne om Arthur-legenda representerer noko av det ypparste innanfor mellomalderdiktinga. Chrétien de Troyes er generelt rekna som den fyrste identifiserte franskspråklege romanforfattaren av tyding.