From Wikipedia, the free encyclopedia
Christina Obergföll (fødd 22. august 1981) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Lahr/Schwarzwald i Baden-Württemberg, som tevlar i spydkast. Ho vart verdsmeister i 2013 i Moskva, tidlegare hadde ho vunne fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje i dei store internasjonale meisterskapane; OL, VM og EM. Hennar personleg rekord på 70,20 meter er frå 2007-sesongen.
Christina Obergföll | |
Nasjonalitet | Tysk |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 22. august 1981 (42 år) Lahr i Baden-Württemberg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt, Sportler des Jahres, Leichtathleten des Jahres, Baden-Württembergs fortjenstorden |
Obergföll tok sølvmedaljen i spydkastøvinga under VM i friidrett 2005 i Helsingfors. Trass i at ho sette europarekord med eit kast på 70,03 meter, måtte ho sjå seg slått av Osleidys Menéndez frå Cuba som forbetra verdsrekorden til 71,70 meter. To år seinare kopierte Obergföll medaljefangsten i det neste friidretts-VM, sølvkastet målte 66,46, Barbora Špotáková frå Tsjekkia vart verdsmeister på ny landsrekord; 67,07 meter.
I 2008 fekk Obergföll bronsemedaljen under den olympiske spydtevlinga i Beijing. Både i 2010 og 2012 tok ho sølvmedaljen i friidretts-EM med kast på høvesvis 65,58 m og 65,12 m. I Barcelona i 2010 hamna ho vel meteren bak landsmannen Linda Stahl, medan ho i Helsingfors i 2012 vart slått av Vira Rebryk frå Ukraina med halvannan meter og vel så det. Seks veker etter europameisterskapen i Helsingfors vann Obergföll OL-sølv med eit kast som var fire centimeter kortare enn bestekastet i EM. I London var det verdseinaren Barbora Špotáková som tok gullmedaljen.
Under verdsmeisterskapen i friidrett i 2013 i Moskva skulle det endeleg lukkast for Obergföll. I andre omgangen smelte ho til med 69,05 m og tok ei klar leiing føre Kimberley Mickle frå Australia som med 66,25 meter. I siste omgang sikra Mickle sølvmedaljen med eit kast på 66,60 m, men ingen kunne gjere noko med Obergföll i gullkampen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.