![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2a/Reithmann.jpg/640px-Reithmann.jpg&w=640&q=50)
Christian Reithmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Christian Reithmann (9. februar 1818–2. juli 1909) var ein tysk oppfinnar, kjent for at at han fann opp firetaktsmotoren. Han hadde eksperimentert med forbrenningsmotorar heilt frå 1852[1] og søkte om patent på ein forbrenningsmotor alt i 1860, men dette var truleg ikkje ein firetaktsmotor. Han bygde ein motor i urmakarverkstaden sin i München, som hadde ein sylinderdiameter på 98 mm, ei slaglengd på 111 mm og eit turtal på 200 o/min. Det er noko uklart når denne motoren var ferig. Men i 1873 hadde han ein fungerande firetaktsmotor, fire år før Nikolaus August Otto. Uavhengig av Reitmann leverte Alphonse Beau de Rochas ein fransk patentsøknad på prinsippet for firetaktsmotoren i 1862 [treng kjelde].
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Christian Reithmann | |||
![]() | |||
Fødd | 9. februar 1818 St. Jakob in Haus | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juli 1909 München | ||
Nasjonalitet | Austerrike | ||
Yrke | urmakar, oppfinnar |
Lukk