![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/Chiribiquete_view.jpg/640px-Chiribiquete_view.jpg&w=640&q=50)
Chiribiquete nasjonalpark
nasjonalparken Chiribiquete i departementa Caquetá og Guaviare, Colombia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Chiribiquete nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Tepuiar i parken | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Departement | Caquetá, Guaviare | ||
Høgd | 200−1 000 m | ||
Areal | 43 000 km² | ||
Grunnlagd | 1989 | ||
![]() Chiribiquete nasjonalpark 0.700607°N 72.8054°W / 0.700607; -72.8054 | |||
Wikimedia Commons: Parque Nacional Natural Chiribiquete | |||
Chiribiquete nasjonalpark (spansk Parque nacional natural Sierra de Chiribiquete) er den største nasjonalparken i Colombia og den største nasjonalparken i verda for vern av tropisk regnskog. Parken vart etablert den 21. september 1989 med eit areal på 13 000 km². Han er utvida i to omgangar, først i 2013 og vidare i 2018 til totalt 43 000 km².[1] Arealet inkluderer Chiribiquete-fjellkjeda og kringliggande lågland dekt av tropiske fuktige skogar, savannar og elver søraust i landet.[1][2] Frå juli 2018 vart han erklært ein verdsarvstad av UNESCO.[2]
Parken skal verne dei fysiske og biotiske elementa av regionen som er danna av evolusjonære, biogeografiske og økologiske prosessar. I parken finn ein òg den største tettleiken av bergkunst på det amerikanske kontinentet, dei eldste bileta er meir enn 20 000 år gamle.[1]