From Wikipedia, the free encyclopedia
Chilenarar (spansk chilenos) er menneske knytte til Chile gjennom busetjing eller opphav. Chilenarar stammar hovudsakleg frå spanjolar og ulike chilenske urfolk.[1] Små, men viktige grupper av andre europearar som særleg vandra inn på 1800- og 1900-talet har også kome inn i folkegruppa. Sjølv om innvandrarar etter det chilenske sjølvstendet aldri har utgjort meir enn 2 % av befolkninga, finst det no hundretusenar av chilenarar med tysk,[2] britisk, fransk, kroatisk, italiensk eller palestinsk[3] opphav.
Det er sterk samanheng mellom chilenarar si avstamming eller etnisitet og den sosioøkonomiske statusen deira.[4][5] Det går eit tydeleg kontinuum[5] mellom folk lågt nede på rangstigen med mange amerindiske forfedrar og overklassen med hovudsakleg europeisk avstamming. Den innfødde innverknaden på folkesetnaden, både genetisk og kulturelt, er tydelegast på landsbygda og kan finnast att i chilensk spansk og i chilensk matlaging.
Dei fleste chilenarar bur i Chile, men det finst også større grupper i fleire andre land, særleg i Argentina[6] og USA.[7] Andre land med store chilenske grupper er Australia, Canada og Sverige. Mindre grupper chilenarar utgjer også betydelege delar av den permanente busetnaden i Antarktis og på Falklandsøyane.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.