![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8d/El_Castillo_Stitch_2008_Edit_1.jpg/640px-El_Castillo_Stitch_2008_Edit_1.jpg&w=640&q=50)
Chichen Itza
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chichen Itza er ein ruinby på den nordlege delen av Yucatán-halvøya søraust i Mexico. Ruinane har spor av to ulike kulturepokar, ein maya- og ein itzá-epoke. Byen var framtredande allereie i klassisk mayatid, omkring 600-900 e.Kr. På 900-talet blei han erobra av itzáfolket.
Kjappe fakta Land, Kriterium: ...
![]() Kukulkanpyramiden i Chichen Itza | |||
Land | Mexico | ||
---|---|---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 12. sesjon i 1988. Referansenr. 483. | ||
Kriterium: | I, II, III | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Amerika | ||
Bakgrunnsstoff | Chichen Itza ved unesco.org |
Lukk
Stordomstida til Chichen Itza opphøyrde kring 1400. Ruinane blei funne att i jungelen på 1800-talet, og sidan er fleire tempel blitt restaurerte.
Chichén Itzá blei teken med på UNESCO si liste over verdsarv i 1988. I 2007 blei El Castillo på staden utnemnd til eit av dei sju nye underverka i verda etter ei verdsomspennande avstemming.[1]