Charlottesville
From Wikipedia, the free encyclopedia
Charlottesville, lokalt også kalla C'ville, er ein mindre by i Albemarle County i delstaten Virginia i USA. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 46 553 innbyggarar.[2] Byen er kalla opp etter den britiske dronninga Charlotte av Mecklenburg-Strelitz.
Kjappe fakta Land, Stat ...
Charlottesville | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Virginia | ||
Areal | 26,569159 km² | ||
Folketal | 46 553 (2020[1]) | ||
Charlottesville 38.0299°N 78.479°W / 38.0299; -78.479 | |||
Wikimedia Commons: Charlottesville, Virginia | |||
Lukk
Charlottesville har husa dei tidlegare presidentane Thomas Jefferson (i Monticello) og James Monroe (i Ash Lawn). Byen er kanskje best kjend for University of Virginia, som blei grunnlagt i 1819 av Jefferson sjølv. Heimen til Jefferson, Monticello, ligg 3 mile (5 km) søraust for byen, og er saman med universitetet ein verdsarvstad som tiltrekk seg tusentals turistar kvart år.[3]
Det populære amerikanske bandet Dave Matthews Band og skodespelaren Rob Lowe kjem òg frå Charlottesville.