Charles Greeley Abbot
amerikansk astronom / From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles Greeley Abbot (31. mai 1872–17. desember 1973)[1] var ein amerikansk astronom som spesialiserte seg på solstråling og effekten hennar på klimaet til jorda. Han var direktør ved Smithsonian Astrophysical Observatory frå 1907. Abbot vart fødd i Wilton, New Hampshire.
Kjappe fakta
Charles Greeley Abbot | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 31. mai 1872 Wilton |
Død |
17. desember 1973 (101 år) |
Yrke | astronom, astrofysikar |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, National Academy of Sciences |
Ektefelle | Lillian Elvira Moore Abbot |
Charles Greeley Abbot på Commons |
Lukk
Han gjorde ein særs nøyaktig fastsetjing av solkonstanten, sette saman det første nøyaktige kartet over sola sitt infraraude spekter og studerte varmeeffekten til solkoronaen. Abbot var òg med å utvikla designet til Mount Wilson Solar Observatory sitt 19 meters vertikale solteleskop.