Karl (også skrive som Carl ) er eit mannsnamn mykje brukt opp gjennom historia. I Noreg var namnet av dei ti mest populære gutenamna mellom 1880 og 1916 .
Karl Marx er ein kjend namneberar.
Namnet kjem frå norrønt og tyder fri mann . Det er i slekt med ordet kar . I norrøn gudetru var Karl sonen til Heimdall og Amma . Saman med kona Snør var han opphavet til alle frie menn og bønder. Sjå Rigs vandring .
Karl har namnedag i Noreg og Sverige den 28. januar .
Namnet finst i ei rekkje variantar på fleire europeiske språk:
Carl (norsk, svensk, dansk)
Carlo (italiensk)
Carlos (spansk, portugisisk)
Carolus (latin)
Carol (rumensk)
Charles (fransk, engelsk)
Kaarle (finsk)
Karl (tysk, svensk, norsk)
Karel (nederlandsk, tsjekkisk)
Karol (polsk)
Károly (ungarsk)
Κάρολος, Karolos (gresk)
Séarlas (irsk gælisk), i tillegg til dei indirekte formene Cathal og Cormac
Siarl (walisisk)
Namnet har òg fleire kvinnelege former, som Karla , Karoline og Charlotte .
Karl har gjeve opphav til etternamn som Karlsen og Carlton .
Kongar
Karl har i ulike former vore namnet på ei rekkje kongar, mellom anna i Noreg, Sverige, England, Frankrike, Tyskland, Spania, Ungarn og Italia.
Nordmenn
Carl Gustav Fleischer (1883-1942), offiser
Carl I. Hagen (f. 1944), politikar
Carl Joachim Hambro (1885-1964) , politikar og forfattar
Karl Erik Harr (f. 1940), kunstnar
Karl Sverre Klevstad (f. 1926), politikar (KrF)
Karl Ove Knausgård (f. 1968), forfattar
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (f. 1959), politikar (Ap)
Karl Straume (1877-1968), kunstmålar
Carl Størmer (1874-1957), fysikar
Carl Frode Tiller (f. 1970), forfattar
Andre
Carl Friedrich Abel (1723-1787), tysk bassgambist og komponist
Carl-Axel Acking (1910-2001), svensk arkitekt og formgjevar
Carl Philipp Emanuel Bach (1714-1788), tysk komponist
Carl Barks (1901-2000), amerikansk teikneserieskapar
Carl Bildt (f. 1949), svensk statsminister
Karl Dönitz (1891-1980), tysk offiser og rikspresident
Carl Hiaasen (f. 1953), amerikansk forfattar
Carl Jung (1875-1961), tysk psykolog
Karl Kautsky (1854-1938), tysk sosialistisk tenkjar
Carl Larsson (1853-1919), svensk kunstnar
Carl von Linné (1707-1778), svensk biolog
Carl Gustaf Mannerheim (1867-1951), president i Finland
Karl Marx (1818-1883), tysk tenkjar
Carl Nielsen (1865-1931), dansk komponist
Carl Orff (1895-1982), tysk komponist
Carl von Ossietzky (1889-1938), tysk pasifist og nobelprisvinnar
Karl Popper (1902-1994), austerriksk filosof
Karl Wilhelm Reinmuth (1892-1979), tysk astronom
Karl Renner (1870-1950), austerriksk sosialistisk tenkjar
Karl Rolvaag (1913-1990), amerikansk politikar
Carl Sagan (1934-1996), amerikansk fysikar
Carl Sandburg (1878-1967), amerikansk forfattar
Karl Schwarzschild (1873-1916), tysk astronom
Carl Spitteler (1845-1924), sveitisk forfattar og nobelprisvinnar
Karl Straube (1873-1950), tysk organist
Karl Vennberg (1910-1995), svensk forfattar
Carl Wilson (1946-1998), amerikansk musikar frå The Beach Boys
ssb.no - 10 mest brukte namn 1880 - 2004