kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Carini er ein by og ein kommune i provinsen Palermo i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har om lag 37 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 76,6 km². Byen Carini ligg 21 km vestnordvest for provinshovudstaden Palermo.
Carini | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 76,6 km² | ||
Folketal | 39 773 (1. januar 2023)[1] | ||
Carini 38.133333333333°N 13.183333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Carini | |||
Næringslivet i kommunen er dominert av landbruk og industri. I seinare år har det vorte satsa på turisme.
Ved kysten er ruinar frå oldtidsbyen Hykkara, den einaste kjende busetjinga til sikanarar ved kysten. Staden vart erobra av grekarar frå Aten i 415 f.Kr. under peloponneskrigen. Byen fekk deretter ei gresktalande befolkning og gresk kultur i antikken. Ein av dei som vart fødd her var den vidkjende hetæren Lais som vart seld som slave, men sidan slo seg opp i Korint og Aten.
Ved Villagrazia har vorte avdekt katakombar frå tidleg kristen tid. Hykkara var sete for ein biskop. Ein biskop frå Hykkara deltok i 787 ved det andre konsilet i Nikea. Byen vart i år 1000 lagt øyde av muslimar og deretter bygd opp på ny. Normannarar tok makta over staden kring 1100.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.