Cape Arkona på Heardøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cape Arkona er eit klipperikt nes mellom endane av Liedbreen og Gotleybreen på sørvestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Neset vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1860 av kaptein H.C. Chester, ein amerikansk selfangar som opererte i området i løpet av denne perioden. Den tyske fregatten «Arkona» (kalla opp etter eit nes nord for Rügen) (kaptein von Reibnitz) utforska sørkysten av øya i februar 1874 og forklarte i Melbourne offiserane på HMS «Challenger» kvar neset låg, slik at dei teikna det ned på eit kart frå Admiralitetet.
Kjappe fakta Land, Stad ...
Cape Arkona | |||
nes | |||
Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona er på venstresida av biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Vulkanen Big Ben og Mawson Peak er på høgresida av biletet. | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Heard- og McDonaldøyane | ||
- koordinatar | 53°10′S 73°26′E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Arkona på Heardøya 53.1667°S 73.4333°E / -53.1667; 73.4333 | |||
|
Lukk