Big Ben på Heardøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Big Ben er eit vulkansk fjellmassiv som dominerer geografien på Heardøya i det sørlege Indiahavet. Det er ein komposittkjegle med ein diameter på kring 25 kilometer. Den høgaste toppen er Mawson Peak, på 2745 meter over havet. Mykje av fjellet er dekt av is, inkludert 14 store isbrear som glir ned frå Big Ben til sjøen. Big Ben er det høgaste fjellet i australsk territorium. Eit mindre vulkansk nes, Laurenshalvøya, strekkjer seg kring 10 km i nordvest, skapt av ein separat vulkan, Mount Dixon. Det høagste punktet her er Anzac Peak, på 715 moh.
Kjappe fakta Land, Stad ...
Big Ben | |||
vulkan | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Stad | Heardøya i Indiahavet | ||
• høgd | 2 745 moh. | ||
- koordinatar | 53°06′30″S 73°31′30″E | ||
Big Ben på Heardøya 53.101388888889°S 73.511944444444°E / -53.101388888889; 73.511944444444 |
Lukk