Cameron Diaz
amerikansk skodespelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Cameron Michelle Diaz (fødd 30. august 1972) er ein amerikansk tidlegare filmskodespelar. Ho har trekt seg tilbake frå skodespelaryrket.[1]
Cameron Diaz | |||
| |||
Fødd | 30. august 1972 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Diego | ||
Fødenamn | Cameron Michelle Diaz | ||
Aktive år | 1990–2016 | ||
Verka som | filmskodespelar, skodespelar, modell, stemmeskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, ansvarlig produsent, faglitterær forfattar, fjernsynsprodusent, fotomodell | ||
Far | Emilio Diaz | ||
Ektefelle | Benji Madden | ||
Sambuar | Matt Dillon, Alex Rodriguez, Justin Timberlake | ||
Born | Raddix Madden | ||
Prisar | MTV Movie Award for Best Performance, MTV Movie Award for Best On-Screen Duo, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Diaz er dotter av Emilio Diaz, ein cubansk-amerikanar som jobba som arbeidsleiar i eit oljeselskap.
Då Cameron var 16 år skreiv ho kontrakt med modellbyrået Elle. Etter at ho var ferdig med high school, reiste ho til Japan for å jobba. Der møtte ho Carlo de la Torre. Dei flytta saman då ho flytta tilbake til USA. I dei neste fem åra tok modelljobben henne verda rundt, og ho var modell for dei store firmaa.
Diaz var på den første auditionen sin då ho var 21 år, og prøvde på ei rolle i Jim Carrey-filmen Masken. Til si store overrasking, og utan noka tidlegare skodespelarerfaring, fekk ho den kvinnelege hovudrolla. Ho byrja straks med å ta timar for å læra seg skodespelaryrket.
Dei neste tre åra trena Diaz skodespelartalentet sitt i lågbudsjettfilmer som The Last Supper (1995), Feeling Minnesota (1996) og She's The One (1996). Ho vart meir kjend i rolla som den «perfekte» trulova i den romantiske komedien Min beste venns bryllup (1997) med Julia Roberts. Hovudrolla hennar i komedien Alle elsker Mary (1998) gav henne stjernestatus.