Caloplaca
soppslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Caloplaca er ei slekt av lav[1] som er utbreidd over heile verda. Mange av artane er gule eller oransje på farge, og kan ha namn som firedot lichen,[2]:235 jewel lichen,[2]:235 gold lichens eller orange lichens.[3][4] Det finst likevel unntak, som den gråe eller grøne C. albovariegata.[5]
Caloplaca | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Rekkje: | Sekksporesoppar Ascomycota |
Underrekkje: | Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina |
Klasse: | Lecanoromycetes |
Underklasse: | Lecanoromycetidae |
Orden: | Teloschistales |
Familie: | Teloschistaceae |
Slekt: | Caloplaca Th.Fr., 1860 |
Lavslekta finst over heile verda, frå Antarktis[6] til Arktis.[7] Rundt tretti artar frå Caloplaca veks på Dei britiske øyane.[8] Eit artsdøme frå denne gruppa er Caloplaca saxicola, ein lav som finst over heile verda frå det antarktiske kontinentet til Europa og nordlege Nord-Amerika, inkludert nordlege delar av den kanadiske taigaen.
I 2007 blei det oppdaga ein ny art av Caloplaca, C. obamae, som blei den fyrste arten til å kallast opp etter president Barack Obama. Arten blei oppdaga på Santa Rosa Island i California, og skildringa blei gjeven ut i mars 2009.[9]