![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c6/Windermere_-_Main_Road.jpg/640px-Windermere_-_Main_Road.jpg&w=640&q=50)
Byen Windermere
From Wikipedia, the free encyclopedia
Windermere er ein by i Lake District i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 8000 innbyggjarar. Han ligg om lag 1 km frå innsjøen Windermere,[1][2] den største naturlege innsjøen i England. Han har no vokse saman med den eldre byen Bowness-on-Windermere, som ligg like ved innsjøen, sjølv om kvar by framleis har klare sentrum.
- Denne artikkelen handlar om byen. For innsjøen, sjå Windermere.
Kjappe fakta Windermere, Plassering ...
Windermere | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | South Lakeland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 245 | |
Koordinatar | 54°23′N 2°54′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LA23 | |
Telefon-retningsnummer | 0 15394 | |
Lukk
Historisk høyrte byen til Westmorland. Byen blei skipa rundt Windermere jernbanestasjon, som blei opna i 1847.[3] Stasjonen ligg på West Coast Main Line, og har avgangar til Oxenholme og til Manchester lufthamn.[4] Windermere Hotel blei bygd i 1849.
Byen ligg nær hovudvegen A591, som går gjennom Lake District frå Kendal til Keswick.