Buyei eller bouyei (eigennemning buxqyaix; 達斡爾族, pinyin bùyīzú) er eit av de 55 offentleg erkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølgje folketeljinga i 2000 var det 2 971 460 buyei i Kina. 94 % av buyeifolk bydde då i provinsen Guizhou, og elles i Yunnan, Guangdong, Zhejiang og Guangxi.

Thumb
Ein typisk buyeilandsby med steinhus

Buyeifolk er kjend for sine hus. Heile huset, også taket, er bygt av stein. Dei andre stammefolka som lever i og nær deira område, nyttar vanlegvis tre i husbygginga.

Einast dialektskilnader skil buyeifolk frå minoritetsfolket zhuang. Den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer knivskarpt dei politiske grensene. Dette gjer at vitskapsfolk utanfor Kina stiller spørsmål ved om det er rett å rekne buyei som eit eige minoritetsfolk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.