From Wikipedia, the free encyclopedia
Burzum er soloprosjektet til Varg Vikernes, som starta 1991 i Bergen. Han har til nyleg vore fengsla for eit drap og kyrkjebrannar utført på 90-talet.
Burzum | |||
| |||
Opphav | Bergen i Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1988-1999, 2009-d.d | ||
Sjanger | Svartmetall, Mørk ambient | ||
Plateselskap | Deathlike Silence Productions Misanthropy Records Byelobog Productions | ||
Medlemmer | Count Grishnack | ||
Tidlegare medlemmer | Euronymous (1992) Samoth (1993) |
Vikernes hadde spelt gitar i rundt to år, og i 1988 starta han bandet Kalashnikov (som òg er kallenamnet til rilfa AK-47) med to andre kameratar. Dei var interessert i trolldom, vikinghistorie og fantasybøker, spesielt boka Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Dette hadde ein stor påverknad på hans musikk i seinare tid. Vikernes kalla seg for Count Grishnack, ein greve og ork i Ringdrotten.
Året etter vart han med i Old Funeral, og la fantasyinteressa bak seg. Dette svartmetallbandet blei splitta i 1992 til Immortal og Burzum. Allereie før splittinga hadde han spelt inn to demoar, Burzum Demo I og Burzum Demo II. Med desse demoane hadde han fått interesse frå Euronymos, gitaristen i Mayhem, og fekk då platekontrakt med plateselskapet hans. Vikernes var på ingen måte misnøgd med Old Funeral-splittet, sidan han tykte musikken vart for death metal, noko han såg som keisamt. I tillegg følte han ei fridomskjensle med at han kunne laga akkurat den musikken han ville, utan direkte påverknad. Han byrja tidleg på Burzum, det første studioalbumet, som vart spelt inn i Grieghallen januar 1992. Burzum vart òg namnet til einmannsbandet, tyder lyset for hedningar og mørket for truande (kristne).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.