From Wikipedia, the free encyclopedia
Burgdorf (fransk Berthoud) er den største byen i Emmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 15 374 innbyggjarar (2010) og eit areal på 16 km². Kommunesenteret ligg 533 meter over havet. Han var hovudstad i distriktet med same namn fram til 2010, då han vart ein del av det nye distriktet Emmental.[1]
Burgdorf | |||
---|---|---|---|
Slottet Burgdorf frå 1175 | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Emmental | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Elisabeth Zäch | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
15,61 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
15 374 984,9 /km² | ||
Koordinatar | 47°03′0″N 7°37′0″E | ||
Høgd over havet | 533 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3400 | ||
Nettstad: www.burgdorf.ch |
Borga, som byen har namn etter, vert nemnd første gongen i 1130. Ved borga danna det seg eit samfunn som var i snøgg vekst. År 1273 vart dei første bylovene for Burgdorf nedskrivne, dei såkalla Goldene Handfeste.[2]
Frå 1384 vart Burgdorf underlagd byen Bern.
Mellom 1800 og 1804 var Johann Heinrich Pestalozzi lærar i Burgdorf. Då utvikla han dei pedagogiske metodane som han publiserte i verket Wie Gertrud ihre Kinder lehrt.
I 1899 kunne ein take i bruk ei jarnvegslinje frå Burgdorf til Thun. Det var den første heilt elektriske jarnvegen av større storleik i Europa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.