From Wikipedia, the free encyclopedia
Bunnefjorden er den delen av Oslofjorden som ligg aust for Nesodden, som stikk ut som ei halvøy mellom Bunnefjorden og Indre Oslofjord. Den nordaustlege delen av Bunnefjorden ligg i Oslo kommune, den inste (sørlegaste) delen ligg i Ås kommune og resten er delt mellom Nesodden og Frogn kommunar i vest og Nordre Follo kommune i aust. Bunnefjorden er om lag 17 kilometer lang.
Bunnefjorden | |||
fjord | |||
Flyfoto over Indre Oslofjord med Nesodden som stikk ut frå venstre biletkanten og Bunnefjorden i framgrunnen Foto: Chell Hill, 2010 | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Bunnefjorden 59.833694444444°N 10.725666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bunnefjorden | |||
Bunnefjorden har lita eller inga vassutskifting i lange periodar, det vil seie over fleire år, og vatnet har dårleg kvalitet, særleg nær botnen. Det er ingen større elvar som renn ut i Bunnefjorden.
Dei største øyane i Bunnefjorden er Langøyene, Malmøya, Ulvøya, Ormøya, Gressholmen og Husbergøya.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.