Bumerangtåka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bumerangtåka (teknisk nemning ESO 172- 7[1]) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 5000 lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren.[2] Tåka er kjend for å vera den kaldaste plassen i universet ein kjenner til (per 2003) med ein temperatur på -272°C.[2] Til samanlikning er bakgrunnsstrålinga i universet på -270°C. Tåka var per 2003 det einaste objektet ein kjende til som var kaldare en denne. Ei hurtig utviding har gjort det mogleg for tåka å bli so kald som ho er.[2]
Tåka blir danna av ein kraftig stjernevind som blæs ut frå sentralstjerna med ein fart på rundt 500 000 km/t Gjennom denne har ho missa so mykje som 1/1000 solmasse per år for 1500 år, noko som er 10-100 gonger meir enn i liknande objekt.[2]
Namnet kjem frå astronomane Keith Taylor og Mike Scarrott som observerte tåka gjennom eit større bakkebasert teleskop i Australia. Dei kunne ikkje sjå den same detaljrikdomen som Hubble-teleskopet seinare kunne, og for dei kunne tåka likna på ein bumerang.[2]