![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Bu-map.jpg/640px-Bu-map.jpg&w=640&q=50)
Bulgarsk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bulgarsk geografi viser til geografien i Bulgaria, eit land i Søraust-Europa og grensar til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas, Tyrkia og Svartehavet. Den nordlege grensa mot Romania følgjer elva Donau heilt til Silistra. Arealet til Bulgaria er 110 994 kvadratkilometer,[1] og landet er med det litt større enn Island, Cuba eller den amerikanske delstaten Tennessee. Trass i at landet ikkje er særleg stort har det svært variert topografi, og landet kan delast inn i sletter, platå, åsar, fjell, bekken, juv og djupe elvedalar. Det geografiske senteret i Bulgaria er i Uzana.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Bu-map.jpg/320px-Bu-map.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c7/Bulgarien_BG.png/640px-Bulgarien_BG.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cb/Kadiitsa_IMG_9979.jpg/640px-Kadiitsa_IMG_9979.jpg)
Geografiske koordinatar: 43° N 25° E