Brukar:Ranveig/Nicaragua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nicaragua er det største landet i Mellom-Amerika. Det grensar til Honduras i nord, Costa Rica i sør, Stillehavet i vest og Det karibiske havet i aust. Landet har tropisk klima, men det finst regionale skilnader.
Nicaragua har eit totalt areal på 129 494 km², der 2,9 % er vatn. Ved folketeljinga i 2005 hadde landet 5 628 494 innbyggjarar. Valutaen i landet er nicaraguansk córdoba (NIO), som blir delt inn i 100 centavo. Nicaragua er ein republikk. Presidenten heiter Daniel Ortega Saavedra. Han var òg president i Nicaragua i perioden 1985–1990. Fleirtalet i Nicaragua er katolske kristne, 58,5 % av folkesetnaden er katolikkar. 21,6 % er protestantar og 19,8 % har ein annan eller ingen religion.
Det spanske imperiet erobra landa på 1500-talet. Nicaragua oppnådde sjølvstende frå Spania i 1821. Sidan då har landet hatt lange periodar med politisk uro, militær innblanding frå USA, diktatur og økonomiske vanskar. Dette førte til store omveltingar og revolusjon på 1960- og 1970-talet. Nicaragua er i dag ein representativt demokratisk republikk. I 1990 blei Violeta Chamorro vald til president, og var då den første kvinna som blei vald til dette embetet i Latin-Amerika.
Folkesetnad er blanda, og består hovudsakleg av mestisar (69 %). Folk rekna som kvite er for det meste av spansk opphav, med mindre delar italiensk, fransk og tysk opphav (17 %). Resten består av små grupper marginaliserte afrikansk-ætta og urfolk. Ca. 25 % bur i hovudstaden Managua, den nest største byen i Sentral-Amerika. Språket er spansk, sjølv om nokre innfødde språk, slik som miskito, sumo og rama i tillegg til engelsk kreol, blir brukte i nokre område. Desse ulike kulturtradisjonane har påverka lokale uttrykk, slik som i litteraturen til m.a. Rubén Darío, Ernesto Cardenal og Gioconda Belli.[1] Nicaragua er i stigande grad ein populær turistdestinasjon.[2][3]