Brukar:F.bendik/Frogner Hovedgård
From Wikipedia, the free encyclopedia
Koordinatar: 59°55′26″N 10°42′9″E Frogner Hovudgard er ein tidlegare storgård i det gamle Aker herad, no ein del av Oslo. Garden strekte seg frå Frognerelva til Skillebekk og frå Frognerkilen til Majorstustrøket. Den omfatta òg store delar av Frognerparken. Hovudgarden dekte mesteparten av dagens Bydel Frogner, som den har gjeve namn til, men ikkje Bygdøy og areala austom Uranienborg og nord for Majorstuveien. Til eigedomen høyrde Frognerseteren med Frognerseterskogene og frå 1788 halve nabogarden Frøen vest for Frognerelva. Dei opphavlege delane av garden austom Frognerelva og Frognerdammene kom innanfor grensene til byen ved byutvidelsen i 1878.
F.bendik/Frogner Hovedgård | |||
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/48/Frogner_Hovedg%C3%A5rd_20090208.jpg/640px-Frogner_Hovedg%C3%A5rd_20090208.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c7/Frogner_Hovedg%C3%A5rd_-_2011-09-06_at_00-00-23.jpg/640px-Frogner_Hovedg%C3%A5rd_-_2011-09-06_at_00-00-23.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4d/Frogner_Manor_by_I._C._Dahl_for_Benjamin_Wegner.jpg/640px-Frogner_Manor_by_I._C._Dahl_for_Benjamin_Wegner.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/12/Schaftel%C3%B8kken_og_Frogner_Hovedg%C3%A5rd_OB.01363.jpg/640px-Schaftel%C3%B8kken_og_Frogner_Hovedg%C3%A5rd_OB.01363.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cb/Frogner_Hovedg%C3%A5rd_1815_OB.01409.jpg/640px-Frogner_Hovedg%C3%A5rd_1815_OB.01409.jpg)
Garden var lenge kyrkjegods og krongods. Frå 1600-talet til slutten av 1800-talet tilhøyrde garden velståande embetsmenn og byborgare i Christiania, m.a. slekta Tollar, Bernt Anker og Benjamin Wegner, men i 1896 vart den overteke av kommunen. Mykje av dei opphavlege areala til garden austom Frognerelva vart på 1700-talet forpakta bort til byborgare som løkker. Dei siste eigarane, Wegner og Gade, selde etter kvart løkkene til byggetomter for den ekspanderande byen. Ved salet til kommunen i 1896 var alle areal austom Kirkeveien allereie privatisert.
Garden fekk sin herskapelege busetnad rundt tunet sør i Frognerparken i 1750-åra, etter at major Hans Jacob Scheel som den første av eigarane busette seg der og reiv dei eldre bygningane. Hovudbygningen vart utvida til sin noverande storleik av Bernt Anker i 1792. Bygningane har sidan 1909 huset Oslo bymuseum og Oslo Museum. Herskapsbygningane og parken med Frognerdammen er motivet i måleriet «Frogner Hovedgaard» (1842) av I.C. Dahl, eit hovudverk i norsk nasjonalromantisk malarkunst.[1]
Scheel anla i 1750-åra ein barokkhage nord og aust for hovedbygningen. Under Wegner vart hageanlegget omdanna til en romantisk landskapspark rundt 1840. Etter at kommunen overtok gården vart store delar av dei gjenværande areal lagt ut til offentlig park, Frognerparken, og Gustav Vigelands skulpturanlegg (Vigelandsanlegget) ført opp i parkens sentrum i perioden 1928–1943.