Aker
tidlegare kommune i Akershus fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Aker (frå norrønt akr, åker) er eit tidlegare herad i Akershus fylke. Aker kommune vart 1. januar 1948 innlemma i Oslo kommune. Kommunen hadde då 135 000 innbyggjarar og omfatta soknekommunane Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand.
- For det norske industrikonsernet, sjå Aker-konsernet.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/33/Trondheimsveien_5c_id_164296.jpg/640px-Trondheimsveien_5c_id_164296.jpg)
Akershus festning, Akershus fylke og det tidlegare lenet og amtet er oppkalla etter Aker, som har vore namnet på ein storgard i nærleiken av Gamle Aker kyrkje i noverande St.Hanshaugen bydel i Oslo. Kyrkja fekk namn etter garden og gav i sin tur namn til soknet og kommunen. Aker omkrinsa Oslo kommune fullstendig. Kyrkjesoknet Aker vart første gong delt i Østre og Vestre Aker i 1861, og i 1906 vart Ullern og Nordstrand utskilt som eigne sogn.
Frå byen Christiania vart skipa i 1624, måtte Aker fleire gonger avstå område til utviding av byen. Første gong då mange gardar vart lagt ut til bymark i 1629. Bymarka låg under den sivile administrasjonen i byen, men høyrde i kyrkjeleg samanheng til Akers sogn. Aker si grense mot Bymarka var på vestsida Skillebekken, på austsida Akerselva. Heile Bymarka og delar av Aker aust for Akerselva vart i 1859 innlemma i byen, og ved ei ny byutviding i 1878 vart grensa flytta der ho gjekk til 1948. Etter at kommunalt sjølvstyre vart innført, bygde Aker herad i 1850-åra sitt administrasjonsbygg på adressa Trondheimsveien 5. Bygget vart fornya i 1941.