From Wikipedia, the free encyclopedia
Brian Samuel Epstein (19. september 1934–27. august 1967) var ein britisk musikkentrepenør og manager for The Beatles. Gjennom familieselskapet NEMS (North End Music Stores) var han òg manager for fleire andre artistar som Gerry & The Pacemakers, Billy J. Kramer and the Dakotas, Cilla Black og The Remo Four.
Brian Epstein | |||
| |||
Fødd | 19. september 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liverpool | ||
Død | 27. august 1967 London, England, UK (32 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Brian Samuel Epstein | ||
Opphav | Liverpool i England | ||
Aktiv | 1961—1967 | ||
Sjanger | poprock | ||
Tilknytte artistar | The Beatles, Gerry & The Pacemakers, Billy J. Kramer with The Dakotas, The Fourmost og Cilla Black | ||
Plateselskap | Parlophone | ||
Verka som | Manager, impresario | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
The Beatles spelte inn ein demo i Decca sine studio, som Epstein betalte for. Seinare overtalte han George Martin om å lytte til opptaka, sidan Decca ikkje var interessert i å signere The Beatles. Epstein fekk så tilbod om kontrakt (etter Martin hadde møtt gruppa) hos EMI-avdelinga Parlophone, sjølv om dei tidlegare hadde fått avslag hos nesten alle andre britiske plateselskap.
Epstein døydde av ein uheldig narkotikaoverdose i heimen sin i London i august 1967. Epstein har fått æra for suksessen The Beatles oppnådde tidleg i karrieren ved måten han styrte bandet på og hans sans for stil. Paul McCartney sa om Epstein: «Om nokon var den femte Beatle, så var det Brian»[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.