Brennpunkt i matematikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
I geometri er brennpunktet eit spesielt punkt som ein kan ta utgangspunkt i for å konstruere forskjellige kurver. Til dømes kan brennpunktet nyttast til å definere kjeglesnitt. Dei fire kjeglesnitttypane er sirkel, ellipse, parabel og hyperbel. I tillegg kan brennpunkta nyttast til å definere Cassinis oval og kartesisk oval.
Om to kjeglesnitt har same brennpunkt vert dei sagt å vere konfokal.