Cassinis oval
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cassinis oval er ei kjend plankurve av fjerde grad, definert som ei mengd (eller geometriske stader) i planet slik at produktet av avstanden til to faste punkt er konstant. Dette er knytt til ein ellipse, der summen av avstandane er konstant, og ikkje produktet. Eit spesialtilfelle av kurva er lemniskaten. Kurva vart først studert av den italiensk-franske astronomen Giovanni Domenico Cassini.