![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a7/Antarctica%252C_Brazil_territorial_claim_%2528green%2529.svg/langnn-640px-Antarctica%252C_Brazil_territorial_claim_%2528green%2529.svg.png&w=640&q=50)
Brasiliansk Antarktis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brasiliansk Antarktis (portugisisk: Antártida Brasileira eller Antártica Brasileira) er namnet på eit område i Antarktis sør for 60°S, og frå 28°W til 53°W, foreslått som «Interessesone» av den geopolitiske forskaren Therezinha de Castro.[1][2][3][4] Sidan innhaldet i denne erklæringa aldri har vorte definert presist er det ikkje formelt i strid med dei argentinske og britiske kravområda, som geografisk overlappar med denne sonen. Landet uttrykte formelt reservarsjon med omsyn til rettane til territorium i Antarktis då det skreiv under på Antarktistraktaten den 16. mai 1975. Brasil var då det første landet som offisielt nemnte linjeteorien, som enkelt forklart at går ut på at kvart punkt i Antarktis høyrer til det første landet ein kjem til når ein reiser rett nordover i ei rett linje frå eit slikt punkt.[5][6] Linjeteorien (Teoria da Defrontação) vart lagt fram av den brasilianske geopolitiske forskaren Therezinha de Castro og publisert i boka hennar Antártica: Teoria da Defrontação.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a7/Antarctica%2C_Brazil_territorial_claim_%28green%29.svg/640px-Antarctica%2C_Brazil_territorial_claim_%28green%29.svg.png)
Utanom interessesonen har Brasil ein permanent busett forskingsstasjon, Comandante Ferraz-basen (UN/LOCODE: AQ-CFZ), i Admiralty Bay, King George Island, nær tuppen av Den antarktiske halvøya, ved 62°08′S 58°40′W.