From Wikipedia, the free encyclopedia
«Born to Be Wild» er ein song skriven av Mars Bonfire og først framført av bandet Steppenwolf. Han blir ofte brukt i både populær- og motkultur for å karakterisera utsjånaden eller haldninga til ein biker. Han er særleg kjent frå filmen Easy Rider frå 1969. Nokre gonger blir «Born to Be Wild» skildra som den første heavy metal-låten, og teksten «heavy metal thunder» i det andre verset markerer den første bruken av dette omgrepet i rockemusikk (sjølv om det ikkje er ei skildring av ein musikkstil, men snarare ein motorsykkel).[5]
Born to Be Wild Singel av Steppenwolf frå albumet Steppenwolf | ||
B-side |
Everybody's Next One | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1968 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:30 | |
Selskap |
| |
Komponist | Mars Bonfire | |
Tekstforfattar | Mars Bonfire | |
Låtskrivar(ar) | Mars Bonfire | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
«A Girl I Knew» (1967) |
Born to Be Wild | «The Pusher» (1968)
|
Mars Bonfire skreiv «Born to Be Wild» som ein ballade.[6] Bonfire var tidlegare medlem av The Sparrows, forgjengarbandet til Steppenwolf, og broren var trommeslagar i Steppenwolf. Sjølv om han først tilbaud songen til andre band – mellom anna The Human Expression[7] – vart «Born to Be Wild» først spelt inn av Steppenwolf i ein kjappare og omarrangert versjon som AllMusic-skribenten Hal Horowitz skildra som «ein brølande hymne av turbo-ladd riffrock» og «ein tidlaus radioklassikar så vel som eit stykke 60-talsopprør som på ein gong definerer stilen til Steppenwolf og gav dei sjansen deira til AM-udøydelegheit».[6]
«Born to Be Wild» var den tredje singelen til bandet frå debutalbumet Steppenwolf frå 1968 og vart deira mest suksessfulle singel, som nådde andreplassen på Billboard' Hot 100-lista. Han vart halden unna førsteplassen av «People Got to Be Free» av The Rascals.[8] I 2004 plasserte magasinet Rolling Stone' «Born to Be Wild» på 129. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[9] I 2004 hamna han òg på 29. plassen på AFI's 100 Years...100 Songs over dei beste låtane i amerikansk film. I 2009 vart han kåra til den 53. beste hardrock-låten gjennom tidene av VH1 (den hamna på 40. plassen på VH1 si liste over dei 100 beste rock and roll-låtane ni år tidlegare).[10] I 2018 vart låten innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i ein ny kategori for singlar.[11]
|
|
Liste (1968) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM Top Singles)[25] | 14 |
US Billboard Hot 100[26] | 31 |
Born to Be Wild Singel av Kim Wilde | ||
B-side |
All About Me | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2002 | |
Sjanger | hardrock, proto-metal | |
Lengd | 3:23 (Radio Mix) | |
Selskap | Edel | |
Komponist | Mars Bonfire | |
Tekstforfattar | Mars Bonfire | |
Låtskrivar(ar) | Mars Bonfire | |
Produsent | Ricki Wilde | |
Kim Wilde-kronologi | ||
«Loved» (2001) |
Born to Be Wild | «Anyplace, Anywhere, Anytime» (2003)
|
I 1985 vart songen spelt inn av det australske bandet Rose Tattoo. Versjonen deira nådde 25. plassen i Australia.[33] I 2002 vart han spelt inn av Kim Wilde og gitt ut som ein singel utan album. Coverversjonen hennar nådde 84. plassen i Tyskland[34] og 71. plassen i Sveits.[35] Tanja Dexters spelte òg inn songen i 2002. Versjonen hennar nådde 21. plassen i Belgia.[36].
Andre artistar som spelte denne songen inkluderer Hinder,[37] Etta James,[38] Link Wray,[38] Slade,[39] The Cult,[40] INXS,[38] Ozzy Osbourne med Miss Piggy,[41] Bruce Springsteen,[38] Slayer,[42] Blue Öyster Cult,[38] Status Quo,[38] Fanfare Ciocărlia,[43] Krokus,[44] Wilson Pickett,[38] La Renga,[45] Jess Greenberg.[46] og Ann-Margret[47]
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[33] | 25 |
Liste (2002) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[36] | 21 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.