Born on the Bayou
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Born on the Bayou» er opningssporet på det andre albumet til Creedence Clearwater Revival, Bayou Country. Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Proud Mary», som nådde andreplassen på Billboard-lista i USA.
Born on the Bayou Singel av Creedence Clearwater Revival frå albumet Bayou Country | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. januar 1969 | |
Innspelt | seint 1968, RCA Studios i Los Angeles i California | |
Sjanger | Swamp rock, rootsrock, acidrock | |
Lengd | 5:16 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
---|---|---|
Produsent | John Fogerty | |
Som låtskrivar sa John Fogerty:
« | «Born on the Bayou» var minna om «Porterville», om ein mytisk barndom og ei heit tid, 4. juli. Eg sette han til sumpen, der eg sjølvsagt aldri har levd. Eg prøvd å vere ein rein forfattar, utan gitar i handa, og visualiserte og såg på dei nakne veggane i leiligheita mi. Små leiligheiter har herlege, nakne veggar, særleg når du ikkje har råd til å henge noko opp på dei. «Chasing down a hoodoo». Hoodoo er ein magisk, mytisk, andeleg, ikkje-definert skapning, som eit spøkelse eller ein skugge, ikkje nødvendigvis vond, men utan tvil av ei anna verd. Eg fekk delvis dei bileta frå Howlin' Wolf og Muddy Waters.[1] | » |
«Born on the Bayou» er eit døme på 'swamp-rock',[2] ein sjanger som er assosiert med John Fogerty, Little Feat/Lowell George, The Band, Canned Heat, J.J. Cale, The Doobie Brothers og Tony Joe White. Gitaren i introen er stilt inn på overdrive med ein langsam vibrato frå forsterkaren. Fogerty nytta ein halvakustisk gitar med humbucker (som vart stolen frå bilen hans kort tid etter innspelinga av dette sporet).[3] E7-akkorden gjev songen ein sterk sørstatsblues-kjensle. For mange har vokalprestasjonen på dette sporet vore noko av det beste John Fogerty har gjort, medan heile songen er rekna som ein av dei beste av Creedence.[4] «Born on the Bayou» vart nytta som opningsspor på dei fleste av konsertane til CCR og var ein signaturlåtane deira.