From Wikipedia, the free encyclopedia
Border Region er ein statistisk region i Irland på NUTS-nivå III, og ein tidlegare administrativ region. Namnet på regionen viser til at han ligg langs grensa mellom Republikken Irland og Nord-Irland, som er del av Storbritannia. Regionen omfattar ikkje begge sidar av grensa, men dei irske fylka Cavan, Donegal, Leitrim, Monaghan og Sligo. Border Region dekkjer 11 516 km2, 16,4 % av totalarealet til staten, og har eit folketal på 392 837, 8,28 % av det totale folketalet i Irland.[1][2] NUTS-koden er IE041.[3]
Border Region | |||
region | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Border Region 53.963472222222°N 7.3574444444444°W | |||
Border Region på Irland med county som er med merka med grønt.
|
Dei største byane i regionen er Letterkenny og Sligo, begge med folketal like over 19 000.
Border Region var tidlegare ein administrativ region leia av Border Regional Authority, som hadde 38 innvalde representantar. Dei kom saman ein gong i månaden og blei nominerte frå dei seks lokale råda i regionen:[1]
Regional Authority-ordninga blei oppløyst i 2014 og erstatta av ei med Regional Assembly.[4] Etter reforma i 2014 har regionar på NUTS-nivå III ikkje hatt noka administrativ rolle.
Under Commission Regulation (EU) 2016/2066, som blei verksam i 2018, blei County Louth overført til Mid-East Region, slik at Border Region blei redusert frå 6 til 5 county. Flyttinga hadde samanheng med Louth si plassering langs vegen mellom Dublin og Belfast og sterke økonomiske band til Stor-Dublin, sjølv om Louth har grense motl Nord- Irland. Endringa hadde fleire følgjer. County Louth hadde 24,6 % av innbyggjarane i Border-regionen, og var det nest folkerikaste fylket der, etter Donegal. Dei to største byane i regionen, Dundalk og Drogheda, blei tekne ut, og regionen mista kystslinja si mot Irskesjøen. Louth var òg det einast fylket frå Leinster i regionen.[5][6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.